Kjære Ingar! Me møttes i nysgjerrigheita på dansekunne. Du sjølv uttrykte: Definisjonen på dans bør ikkje vera rytmisk rørsle, men feiring av rørsle, ein kropp i rørsle. Dans er medviten feiring av rørsle hevda du. Dette visste du så altfor godt - og du feira lenge, lenge at du var i stand til å danse, trass alle rørslevanskane.! Takk for dansen, kunnskapen, inspirasjonen og dei gode dansesamtalane. Kvil i fred.
Elise og Thorleif Andersen. Kvil i fred🌹 2024-05-03
Erling Nyhus 2024-05-03
Anne Marie og Odd Erik Rosendahl🌹 2024-05-02
Solveig Hårdnes og Kjetil Furulund 2024-05-02
Marit og Jan Arne 2024-05-02
Stian Roland 2024-05-02
Hallgrim Hansegård
2024-05-02
Me har alle noko i oss som er større enn oss sjølv, men i blant møter me folk som er ekstra modige og rause. I mine augo har Ingar gjort norsk dansehistorie rikare, og eg vil gjerne fortelja litt om korleis han har gjort meg rikare.
Då eg vart fødd var Ingar ein av landets beste laudansarar (hallingdansarar). Men han grov djupare i dansen enn berre utføringa og leita etter ideologiske samanhengar i folkedansen. Då eg var 13 år leverte han ei hovudoppgåve i historie på UiO om «Folkedans, disiplinering og nasjonsbygging» samstundes som han samla unge lausdansarar og turnarar til Lillehammer-OL. Det var ein draum å ta del i dette tverrfaglege prosjektet der dansen og gamle idrettsleikar fekk leike hand i hand. Me var ikkje lite stolte av å stampe graut på Mjøsisen, danse laus i Håkonshallen og rulle kabbekiste i Hafjell framfor dei langvegsfarande. Ingar skapte eit leikent miljø der det var lett å bli glad i felles kulturarv.
Den nysgjerrige, men kritiske forskinga til Ingar har, frå innsida, utfordra sjølvsagde sanningar i folkedansen. Han har undersøkt det historiske grunnlaget den leiande tradisjonslinja i lausdansen vart skapt på, og stilt nye spørsmål som framtida kan grava vidare i. Oppgåva «Folkedans, disiplinering og nasjonsbygging» går i djubda på korleis nasjonsbygginga og ulike moralrørsler favoriserte ny, koreografert og disiplinert «leik» skapt av Hulda Garborg framfor den «rå, sanselege og udisiplinerte dansen». Her gjekk Ingar inn på korleis dans har blitt brukt til å disiplinere og korleis dansen har blitt disiplinert i ulike leirar. Slik har han sydd saman dansen og Norgeshistoria på ein måte som kanskje fortjener meir åtgaum når det blir undervist i norsk dansehistorie?
Då eg var om lag 20 år trappa Ingar ned dansinga pga sjukdom, men var ein varm vert dei gongane eg fekk koma innom og drøfte dans. Særleg balansen av å vera kunnskapsrik og nysgjerrig, men også kritisk inspirerte meg veldig til å undersøkje kulturarven vår grundigare.
Likevel kom det intellektuelle arbeidet hans aldri i vegen for den dansegleda han viste for oss i miljøet, til og med etter at sjukdomen gjorde det utfordrande å gå.
I går gjekk Ingar ut av tida.
Men ordet um deg
aldri døyr
Takk for alt du gav Ingar! Kvil i fred.
Ingar...du skaffa deg kunnskapen, var i årevis eit førebilete og ivrig deltakar...dansegrupper til utlandet eller OL-94. Du hadde nok og ein finger med i deler av organiseringa. Takk for alt du har lært oss, og alle gode minner vi sit att med.